Naturlovpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Naturlovpartiet er eit norsk politisk parti som programfestar at det norske samfunnet ikkje fungerer i pakt med naturen og difor må endrast. Mellom anna har partiet gått ut mot bruk av kjemisk framstilt medisin i staden for naturmedisin, og teke til orde for at ein skal nytte trancendental meditasjon aktivt i samfunnsarbeid for å høgne det kollektive samvitet. På den måten skal ein m.a. senke stressnivået og bruken av sjukeheims- og sjukehusplassar i samfunnet generelt.

Grunna alt for låg oppsluttnad og «mangel på renhet i landets bevisthet» har partiet vedteke å ikkje drive valkamp, men skal likevel stille lister til lokalval i nokre område og til stortingsval i nokre fylke.

Naturlovpartiet vart skipa i 1992 og registrert som politisk parti den 25. mai 1993, og i følgje utsegner frå Naturlovrørsla har det norske Naturlovpartiet systerparti i over 80 land.

Internasjonalt[endre | endre wikiteksten]

Partiet vart oppretta som den norske armen av det transnasjonale Naturlovpartiet som vart skipa av Beatles-medlem George Harrison. Partiet vert rekna som den politiske armen av Maharishi Mahesh Yogi si rørsle for Transcendental Meditasjon. Det britiske Naturlovpartiet vart offisielt oppløyst i april, 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]