Naturminne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Den gamle Mester er eit eiketre rekna som naturminne i Krødsherad kommune.

Naturminne er freda små område eller einskilde objekt i naturen som vert rekna som verneverdige. Det er ei av dei eldste formene for naturvern i Noreg. Per 1. juli 2004 var det oppretta 102 naturminne i Noreg. Desse var først og fremst geologiske naturminne og einskilde tre eller tregrupper. Vilkåra for å freda slike førekomstar som naturminne er primært at det gjeld førekomstar av geologisk, botanisk eller zoologisk art. I tillegg må førekomsten ha ein vitskapleg eller historisk interesse eller særpreg.

Eit typisk døme på eit biologisk naturminne er eit einskildståande eller fleire tre, til dømes Ask gods naturminne i Ringerike kommune. På eigedomen til Ask gods vart eitt eiketre og to furutre freda som naturminne den 26. februar 1954. Eit døme på eit geologisk naturminne er Bjerkøya naturminne i Asker kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]