Naturreservat i Jordan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det finst seks naturreservat i Jordan. I 1966 vart organisasjonen som seinare skulle opprette naturreservat i Jordan, Royal Society for the Conservation of Nature, grunnlagd. RSCN var først involvert i å bevare alvorleg utryddingstruga artar. I 1973 fekk RSCN retten til å gje ut jaktløyve, slik at RSCN vart i betre stand til å hindre utrydding. Det første steget var å opprette det første naturreservatet i landet, Shaumari dyrereservat, i 1975. Hovudårsaka var å ale opp utryddingstruga artar, særleg arabisk oryx, gaseller, struts og persisk villesel i det naturlege miljøet deira.

I 1994, kort tid etter Dana biosfærereservat vart grunnlagd, oppretta RSCN ei avdeling for forsking og kartlegging. Det sjette og siste naturreservatet i Jordan, Dibeen skogsreservat, vart oppretta i 2004.[1]

I tillegg er det føreslått ni naturreservat til i Jordan, og ytterlegare to stader er kandidatar for bevaring.[2][3]

Reservat[endre | endre wikiteksten]

Reservat Stad Storleik Oppretta Merknad
Dana biosfærereservat Sør og sentralt 320 km² 1993 Største naturreservat i Jordan[4]
Mujib naturreservat Austkysten av Daudehavet 220 km² 1987 Lågaste naturreservat i verda [5]
Ajloun skogsreservat Nordvest 13 km² 1988 [6]
Dibeen skogsreservat Nordvest 8,5 km² 2004 Nyaste og minste reservat i Jordan [7]
Azraq våtmarksreservat Nordaust 12 km² 1978 Einaste våtmarksreservat i Jordan [8]
Shaumari dyrereservat Nordaust 22 km² 1975 [8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Full Story». Royal Society for the Conservation of Nature. Henta 1. oktober 2015. [daud lenkje]
  2. «Proposed Protected Areas». Royal Society for the Conservation for Nature. 2008. Arkivert frå originalen 2009-05-03. Henta 1. oktober 2015. 
  3. «Protected Areas». Royal Society for the Conservation for Nature. 2008. Arkivert frå originalen 2015-04-20. Henta 1. oktober 2015. 
  4. «naturreservat of Dana». Jordan Jubilee. Henta 1. oktober 2015. 
  5. «Wadi Mujib». Jordan Jubilee. 2000. Henta 1. oktober 2015. 
  6. «naturreservat of Ajloun». Jordan Jubilee. Arkivert frå originalen 2009-03-03. Henta 1. oktober 2015. 
  7. «Dibeen skogsreservat». Jordan Society for the Conservation of Nature. 2008. Arkivert frå originalen 2008-06-24. Henta 1. oktober 2015. 
  8. 8,0 8,1 «Reserves of Azraq and Shaumari». Jordan Jubilee. Henta 1. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]