Naturskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Naturskog er definert som skog framkommen ved fornying av naturleg lokalt genmateriale. Her har menneskeleg påverknad funne stad i så lita utstrekning eller så langt att i tid at den naturlege strukturen, samansetnaden og dei økologiske prosessane i skogen ikkje er endra i vesentleg grad.

Nærskylde økosystem[endre | endre wikiteksten]

Naturskog blir ofte brukt som motsats til kulturskog, der dei økologiske prosessane i stor grad er modifisert av menneskeleg aktivitet, først og fremst skogbruk. Det meste av skogarealet i Noreg er sterkt påverka av menneske. Likevel har skogen i Noreg i dag ein monnaleg grad av naturlege strukturar slik at han kan seiast å falle innanfor definisjonen ovanfor.

Noko skarpt skil mellom naturskog og kulturskog er det ikkje råd å trekke.

Ordet vert nytta om skog som er for ung eller påverka av menneske i for stor grad til at skogen kan reknast som urskog.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]