Naturstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Granitt til bruk som naturstein i India.

Naturstein er stein som kan sagast, spaltast eller hoggast til emne som kan brukast til bygg og anlegg. Tidlegare blei naturstein mykje brukt i form av blokker som blei murte; seinare har ein teke i bruk plater og heller. Ein deler gjerne inn naturstein i tre typar: Blokkstein, skifer og murestein.

Handbryting av stein i India.

Blokkstein er massive bergartar (som granitt, larvikitt, marmor og kleberstein) som ein sager eller splittar ut av fjellet i form av rektangulære blokker, som igjen blir saga eller splitta til mindre plater i fabrikkar eller for hand.

Skifer er bergartar som har naturleg kløyv, det vil seia at bergarten kan splittast langs til plater. Vanlege skifertypar er leirskifer, fylittskifer, glimmerskifer og kvartsittskifer.

Murestein viser til rå blokker og emne som kjem til ved sprenging i mange typer bergartar, til dømes skifer, gneis og granitt. Dei kan nyttast til tørrmuring og forblending.

Dovre kyrkje er dekt med lokale skiferplater.
Kolmårdsmarmor i rådhuset i Stockholm.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Naturstein er blitt mykje brukt til monumentalbygg, som sakralbygg, monument, slott, rådhus, kulturhus og liknande. Medan ein tidlegare gjerne brukte heile steinblokker, blir det i dag gjerne brukt plater som kledning til veggflater, golv, trapper, fortau, terrassar og liknande. Steintypen blir også mykje brukt til tørrmuring langs vegar og liknande.

Naturstein i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Eksportverdien for naturstein i Norge ligg over ein milliard kroner i året. Over halvparten av dette er larvikitt, mens resten er marmor og skifer. Dei viktigaste produkta er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • NGU (Norges Geologiske Undersøkelse)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Naturstein (2009, 14. oktober), Store norske leksikon. Henta 10. august 2013.