Naustdal kyrkje
| Naustdal kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Sunnfjord | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sunnfjord | ||
| Sokn | Naustdal | ||
| Fellesråd | Sunnfjord | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Adolf Schirmer | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 9. september 1891 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Sitjeplassar | 650 | ||
![]() Naustdal kyrkje 61°30′32″N 5°43′00″E / 61.5089°N 5.7167°E | |||
| Wikimedia Commons: Naustdal kyrkje | |||
Naustdal kyrkje står i Naustdal sentrum i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891.
Bygget er teikna av arkitekt Adolf Schirmer og rommer 650 personar, noko som gjer henne til den største kyrkja i Sunnfjord prosti.[1]
Dagens kyrkje erstatta ei steinkyrkje frå kring 1150 som var vorten for lita. Steinkyrkja i Naustdal var mellom dei aller siste mellomalderkyrkjene i Noreg som vart rivne. Korbogen i kleberstein frå gamlekyrkja vart teken vare på og står som port i muren kring kyrkja og kyrkjegarden, medan altartavla frå 1675 og preikestolen frå 1671 er i Bergen Museum.[2]
Preikestolen og døypefonten som er i kyrkja er frå 1891. Altartavla viser trøystaren Kristus og er ein kopi etter Carl Bloch. Ein veit ikkje kven som har måla kopien.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Naustdal sokn i Sunnfjord prosti.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Naustdal kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 30. desember 2008.
- ↑ ««Naustdal kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Henta 30. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Naustdal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Naustdal kommune på nettstaden disnorge.no
- Naustdal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Naustdal kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
