Naustdalstunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naustdalstunnelen
VegRv5
Lengd5 970
Stigning3,1%[1]
Trafikk2 052 (2014)[2]
Opna1995
Kart
Naustdalstunnelen
61°33′30″N 5°40′40″E / 61.5584°N 5.6778°E / 61.5584; 5.6778


Naustdalstunnelen er ein 5970 meter lang tunnel på riksveg 5 i Naustdal og Flora kommunar i Sogn og Fjordane fylke. Tunnelen går mellom Jonstad i Naustdal og Svarthumle i Flora, og erstatta den gamle vegen over snøtunge Ramsdalsheia. Bygginga starta 7. juni 1993 på Svarthumle-sida, og tunnelen vart opna 18. august 1995. Tunnelen var finansiert med ein bom på Svarthumle, ått av Sunnfjordtunnelen AS. Bomstasjonen vart stengd 20. mars 2010 etter at han hadde samla inn 250 millionar kroner.[3]

Naustdalstunnelen er stengd for syklistar og fotgjengarar.

Den gamle vegen over Ramsdalsheia vart opna for trafikk i 1945 (offisiell opning først i 1952). Etter at Naustdalstunnelen vart opna, vart Ramsdalsheitunnelen (230 m) på gamlevegen stengd. Gamlevegen (i dag kommunal veg) og tunnelen vart seinare opprusta, og gjenopna for sommartrafikk i august 2006.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nasjonal vegdatabank, Wikidata Q55698494 
  2. «ÅDT nivå1-punkt Sogn og Fjordane» (PDF). Statens vegvesen. 2015. Henta 1. mars 2015. [daud lenkje]
  3. Fri flyt i Sunnfjord Firdaposten 20. mars 2010

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kristin Ese: På god veg – Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag, Førde 2007. ISBN 978-82-91722-70-2, s. 243, 249 og 255