Nautgardstinden

Koordinatar: 61°36′11″N 8°45′35″E / 61.60306°N 8.75972°E / 61.60306; 8.75972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nautgardstinden
fjell
Land  Noreg
Område Vågå (Innlandet)
Fjellområde Jotunheimen
Høgd 2 258 moh.
Primærfaktor 573 m
Førstestiging 1841 (Wergeland)
Koordinatar 61°36′11″N 8°45′35″E / 61.60306°N 8.75972°E / 61.60306; 8.75972
Kart
Nautgardstinden
61°36′11″N 8°45′35″E / 61.603055555556°N 8.7597222222222°E / 61.603055555556; 8.7597222222222

Nautgardstinden er eit fjell i Noreg på 2258 meter over havet. Det ligg i Vågå og Lom kommunar i Innlandet i Jotunheimen. Fjellet ligg heilt aust i Jotunheimen mellom Veodalen og Sjodalen, og et den sørlegaste toppen av ein lang rygg med seks fjell over 2000 meter. Ein kan sjå toppen langs delar av riksveg 51 frå Båtskaret i sør til Hindsæter i nord.

Frå sør har fjellet ei nesten perfekt kjegleform og er eit flott syn når han er dekt av nysnø. «Nautgard» er ein stad der kyr vart samla og nord for toppen finn ein ein djup dal kalla Nautgarden.

Frå toppen er det flott utsyn sørover og austover sidan det ikkje er andre toppar høgare enn 1850 meter i desse retningane. Teoretisk kan ein sjå heilt til åsane nord for Oslo i klårvêr. Snøhetta, Rondane og fjella i Valdres, som Bitihorn kan ein sjå frå toppen. I vest ligg Jotunheimen og ein kan sjå Glittertind.

Nautgardstind ligg i Jotunheimen nasjonalpark.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.