Nazcaplata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nazca-plata)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nazcaplata
jordskorpeplate

Nazcaplata
14°49′44″ S 74°56′37″ W
NazcaPlate.png
Wikimedia Commons: Nazca tectonic plate

Nazca-plata er ei tektonisk plate under Stillehavet vest for Sør-Amerika. Ho har namn etter Nazca-regionen i Peru. Subduksjonen av Nazcaplata under den søramerikanske plata er det viktigaste opphavet til Andesfjella.

Nazcaplata grensar til Stillehavsplata i vest, Cocosplata i nord, den søramerikanske plata i aust og til den antarktiske plata i sør. Nazca er ei relativt ung jordskorpeplate både når det gjeld alderen til berget her og eksistensen som ei eiga plate. Nazcaplata og Cocosplata blei danna då Farallon-plata delte seg for rundt 23 million år sidan. Det eldste berget på plata er rundt 50 millionar år gammalt.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dutch, Steven (10. august 2009). «Sea Floor Spreading in the Pacific (Plate Boundaries Shown)». University of Wisconsin - Green Bay. Arkivert frå originalen 17. mars 2010.