Nea Salamis Ammókhostos FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nea Salamis Ammókhostos FC
HeimebaneAmmochostos Stadion
HovudtrenarSavvas Poursaitidis
LigaMarfin Laiki League
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Nea Salamis Ammókhostos FC eller Nea Salamina Ammókhostos FC (gresk skrift Νέα Σαλαμίνα Αμμοχώστου) er eit profesjonelt fotballag med opphav i AmmókhostosKypros. Klubben har vore i eksil sidan 1974, då Tyrkia invaderte Kypros og okkuperte nordsida av øya. No held klubben mellombels til i Larnaka.

Nea Salaminas største bragdar, var deira siger i den kypriotiske cupen og den kypriotiske supercupen i 1990. Dei har òg komme på tredje plass i den kypriotiske førstedivisjonen. Laget deltok for fyrste gong i ein europeisk tevling i 1990, då dei spelte i Cupvinnarcupen. Deretter har dei spelt i UEFAs Intertoto-cup i 1995, 1997 og 2000.

Fotballlaget er ein del av Nea Salamina Ammókhostos sportsklubb, som vart stifta i 1948. Moderklubben har òg eit herrevolleyballag. Klubbens namn er henta frå den antikke, kypriotiske byen Salamis (eller Salamina), som ligg nære dagens Ammókhostos. «Nea» tyder «nye» på gresk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nea Salamis Ammókhostos FC