Neal Matthews jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Neal Matthews)
Neal Matthews jr.
Statsborgarskap USA
Fødd 26. oktober 1929
Nashville
Død

21. april 2000 (70 år)

Yrke songar

Neal Matthews jr. (26. oktober 192921. april 2000) var ein amerikansk vokalist. Han vart kjend som ein del av The Jordanaires, ei korgruppe som song for mange countryartistar, mellom andre Elvis Presley.

Som medlem av The Jordanaires arbeidde han med artistar som Patsy Cline, Red Foley, Johnny Horton, Ferlin Husky, Jim Reeves og George Jones. Gruppa song òg for popartistar som Steve Lawrence og Eydie Gorme, Connie Francis og Julie Andrews. Dei er derimot mest kjend som korgruppe for Elvis Presley i 15 år.

Matthews døydde av hjarteinfarkt 70 år gammal. Som ein del av The Jordanaires vart han i 2001 posthumt innlemma i Country Music Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]