Nebblaksetobis
| Nebblaksetobis | |
Nebblaksetobis | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Actinopteri |
| Orden: | Øglefiskar Aulopiformes |
| Familie: | Laksetobisfamilien Paralepididae |
| Slekt: | Magnisudis |
| Art: | Nebblaksetobis M. atlantica |
| Vitskapleg namn | |
| Magnisudis atlantica | |
Nebblaksetobis (Magnisudis atlantica) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som lever i dei fleste av dei tempererte og tropiske hava i verda.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Fisken er lang og smal med spist hovud og stor munn. Kroppen minner om den til ein barrakuda,[1] og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak. Den lengste finnen, analfinnen, har mellom 21 og 25 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[2] Lengda kan bli opptil 56 cm.[3]
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Nebblaksetobis er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 4 700 meter. Føda består av småfisk og reker. Arten er sjølv føde for haiar, tunfisk og kvalar. Han har ingen særskild paringssesong, men kan formeira seg heile året.[3]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arter er blitt funnen i alle tempererte og tropiske hav mellom 69°N og 61°S. Han går berre sjeldan inn i Nordsjøen (den nordre delen) og Skagerrak, og finst ikkje i Middelhavet.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Curry-Lindahl, Kai: Våra fiskar : havs- och sötvattensfiskar i Norden och övriga Europa, Norstedts, Stockholm 1985, s. 361. ISBN 91-1-844202-1.
- ↑ Muus, Bent J; Nielsen, Jørgen G; Svedberg, Ulf: Havsfisk och fiske i Nordvästeuropa, Prisma, Stockholm 1999, s. 108-109. ISBN 91-518-3505-3.
- 1 2 3 Froese, Rainer (20. april 2010). «Magnisudis atlantica (Krøyer, 1868) Duckbill barracudina» (på engelsk). Fishbase. Henta 1. juli 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Laxtobis» frå Wikipedia på svensk, den 14. juni 2022.