Necmettin Erbakan
| Necmettin Erbakan | |||
| | |||
| Fødd | 29. oktober 1926 Sinop | ||
|---|---|---|---|
| Død | 27. februar 2011 (84 år) | ||
| Statsborgar av | Tyrkia | ||
| Parti | Velferdspartiet (1987; 1998), National Order Party (1970; 1971), National Salvation Party (1973; 1981), Virtue Party (1999; 2003), Felicity Party (2003; 2011) | ||
| Religion | sunniislam | ||
| Yrke | politikar, ingeniør, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Istanbul Tekniske Universitet | ||
| Utdanna ved | Istanbul Tekniske Universitet RWTH Aachen University of London King Saud University Istanbul High School ITU Faculty of Mechanical Engineering | ||
| Ektefelle | Nermin Erbakan | ||
| Barn | Fatih Erbakan | ||
| Alle verv | |||
Necmettin Erbakan (fødd 29. oktober 1926 i Sinop, død 27. februar 2011) var ein tyrkisk ingeniør, akademikar og politikar som i ein kort periode òg var statsministar i Tyrkia.
Erbakan danna sitt første politiske parti i 1970, dette blei forbode etter berre eit år.[1] Han danna etter dette eit nytt parti men i kjølvatnet av militærkuppet i 1980 vart Erbakan og partiet hans utestengd frå den tyrkiske politikken.[1] Han kom att etter en folkerøysting om å oppheve forbodet mot politisk verksemd, og i 1987 vart han leiar for det politiske partiet Refah Partisi. Han leia partiet til ein overraskende siger ved valet i 1995.
Erbakan vart Tyrkias første islamistiske statsminister og vart innsett i 1996.[1] I 1997 vart han pressa ut av dei militære og tvinga til å gå av som statsminister.[1] Seinare vart han utestengt frå all politisk verksemd av den konstitusjonelle domstolen.[2] I 2000 ble han dømd til eit års fengsel for å ha «framprovosert religiøst hat» gjennom ein tale han heldt i 1994.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 World: Analysis Turkey Bans The Islamists bbc.co.uk 17.01.1998 (besøkt 11. juni 2013)
- 1 2 Ex-Turkish PM sentenced bbc.co.uk 10.03.2000 (besøkt 11. juni 2013)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Who is Erbakan? omtale på gencsaadet.com