Nedbørstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein nedbørstasjon er ein meteorologisk stasjon som berre observerer nedbør.

Vanlegvis vert nedbørmengda og til dels snødjupna på slike stasjonar berre målt ein gong per dag. Vidare vert det notert nedbørsform og fordeling over døgnet, samt utbreiinga av snødekket.

Enkelte stasjonar registrerer nedbøren kontinuerleg ved hjelp av ein automatisk nedbørmåler, pluviograf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«nedbørstasjon» i Store norske leksikon, snl.no.