Nederland i Eurovision Song Contest 1956

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1956
Land Nederland
Offisielt Pays-Bas
Kringkastar Nederlandse Televisie Stichting
Nasjonal uttaking
Uttaking Nationaal Songfestival 1956
Dato(ar) 24. april 1956
Artist(ar) 1. Corry Brokken
2. Jetty Paerl
Song 1. «Voorgoed voorbij»
2. «De vogels van Holland»
Språk 1. Nederlandsk
2. Nederlandsk
Låtskrivar(ar) 1. Jelle de Vries
2. Annie M.G. Schmidt og Cor Lemaire
Resultat
Finalepoeng 1. N/A
2. N/A
Finaleplass 1. N/A
2. N/A

Nederland, offisielt Pays-Bas, debuterte i Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits 24. mai 1956 med songane «De vogels van Holland» og «Voorgoed voorbij», framført av høvesvis Jetty Paerl og Corry Brokken. Bidraga vart valde i den nederlandske uttakinga, Nationaal Songfestival 1956. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjend kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne. Vinnaren vart kåra av ein jury beståande av to delegatar frå alle deltakarlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Ein kunne òg røyste på sitt eige land.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]