Det nederlandske koloniriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nederlandske koloniar)
Nederlandske koloniar før andre verdskrigen.

Det nederlandske imperiet eller det nederlandske koloniriket (nederlandsk Het Nederlandse Koloniale Rijk) er koloniriket til Nederland. Kolonihistoria byrja på 1600-talet, då Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) byrja sjå etter nederlandske handelsinteresser i Indiahavet.[1]

Ulike koloniar[endre | endre wikiteksten]

Surinam[endre | endre wikiteksten]

Surinam, som tidlegare heitte Nederlandsk Guyana, blei nederlandsk koloni i 1667 og sjølvstendig i 1975. Kort tid etter sjølvstendet flytta ein tredel av innbyggjarane i Surinam til Nederland.[2] Det einaste offisielle språket i staten er framleis nederlandsk.[3]

Indonesia[endre | endre wikiteksten]

Nederlendarar byrja kolonisera Indonesia på 1600-talet, og namnet på kolonien var lenge Nederlandsk Austindia. Under den japanske okkupasjonen i 1942 erklærte Indonesia sjølvstende.[4] Etter andre verdskrigen lykkast Nederland ikkje i å få øyane tilbake under kontroll, og i 1949 anerkjende dei indonesisk sjølvstende.[5]

I dag[endre | endre wikiteksten]

Nederlandsk kolonihistorie er stadig tydeleg i Sør-Afrika, der afrikaans blir snakka av fleire innbyggjarar. Ifølgje forskarar blei språket utvikla som eit kontaktspråk mellom nederlandsktalande innvandrar frå Europa og kreolisert nederlandsk som blei brukt av det lokale sanfolket.[6]

Den moderne Kongeriket Nederlanda består av Nederland, Aruba, Curaçao og Sint Maarten. Øyane Bonaire, Sint Eustatius og Saba fungerer som kommunar i Nederland og ikkje som separate land innan kongeriket.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dutch East India Company» (på engelsk). Encyclopædia Britannica. 2015. Henta 2. april 2020. 
  2. «Suriname Country Profile» (på engelsk). BBC News. 31. mai 2018. Henta 3 april 2020. 
  3. «Surinam». Utrikespolitiska institutet. 2020. Henta 3. april 2020. 
  4. «Indonesia Country Profile» (på engelsk). BBC News. 2. oktober 2018. Henta 3. april 2020. 
  5. «Indonesia» (på engelsk). CIA World Factbook. 2020. Henta 3. april 2020.  Arkivert 2008-12-10 ved Wayback Machine.
  6. «Het Nederlands in de wereld: Zuid-Afrika» (på nederlandsk). Freie Universität Berlin. 2015. Henta 3. april 2020. 
  7. «What are the different parts of the Kingdom of the Netherlands?» (på engelsk). Government of the Netherlands. 2020. Henta 3. april 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det nederlandske koloniriket