Nedstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedstrand
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Tysvær
Areal 0,34 km²
Folketal 238 (2017)
Folketettleik 700 / km²
Postnummer 5560 NEDSTRAND
Innbyggjarnamn nedstrandsbu
Preposisjon på / i Nedstrand
Wikimedia Commons: Nedstrand

Nedstrand er ein tettstad, eit sokn og ei halvøy i Tysvær kommune i Rogaland fylke. Innbyggjarane vert kalla anten nedstrandsbuar eller nedstrendingar.

Nedstrandhalvøya[endre | endre wikiteksten]

Halvøya avgrensast av Hervikfjorden i vest, Nedstrandsfjorden i sør, Vindafjorden i aust, Yrkefjorden i nord og er landfast i nord ved grenda Yrke. Ho er nut- og skogtekt, og klimaet er typisk for Ryfylke; lunt, med gode tilhøve for fruktdyrking, urtehagar og eksotiske tre. Den høgste nuten på Nedstrand er Lammanuten på over 600 meter. Det er mange fiskevatn på Nedstrand, og det største er Lysevatnet, som er ei mil langt og særs djupt, men som ligg mindre enn ein kilometer frå sjøen. Lysevatnet og Hinderå deler nesten halvøya i to. Enden av Lysevatnet heiter Vassendvik. Ved Hinderåa, mellom Hinderåvågen og Lysevatnet, ligg i dag eit oppdrettsanlegg for smolt. Her dreiv tidlegare Tveit jordbruksskule eit lite kraftverk. Her, ved elva og ut mot havet — men stengd inne av ei bru som går over den hindrande Hinderåa — ligg og den gamle kyrkjegarden frå mellomalderen, som enno i dag har ein ekte gapestokk i stein ståande. Ved kyrkjegarden låg òg den gamle kyrkja som i 1868 vart bytt ut med den nye litt lenger oppe frå havet.

Tysværtilknytinga og den betre bilvegen som då kom, har mykje gjort Haugesund til den næraste byen for nedstrandsbuen, i motsetnad til tidlegare då havet var vegen og Stavanger var næraste by. Nedstrandhalvøya har to tettstader: Hindaråvåg og Nedstrand (lokalt nemnd Stranda) som er ferjeleie.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet vert prega av offentlege tenester som (gamleheim og skule, kyrkja, jordbruk, skogbruk, havbruk, fiske, sjøfart, turisme og olje.

Nedstrand sokn[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege Nedstrand[endre | endre wikiteksten]

Nedstrand sokn heitte i eldre tid Hinderå. Namnet gjekk av bruk i dagleg tale, og i 1881 vart det offisielt endra til Nerstrand, som frå langt tilbake allereie var brukt som namn på prestegjeldet og munnleg også på soknet. Det uttalast "næsstrann", og fekk den noverande skrivemåten fastsett 1917.

Opphavleg omfatta soknet stort sett Nedstrandshalvøya og austre delen av Borgøya. Gardane Stølsvik og Hapnes nord på halvøya sokna likevel til høvesvis Vats og Vikedal, og fall til Nedstrand sokn først i 1965.

Skjoldastraumen[endre | endre wikiteksten]

I 1965 vart søre delen av Skjold innlemma i Tysvær kommune. Dette området, kalla Vordeneset (frå 1975 Skjoldastraumen) kapelldistrikt, vart først lagt til Tysvær sokn, men vart i 1969 overført til Nedstrand. I 1988 vart likevel krinsane Grinde, Halleland og Sundfør med omgivnad flytta til Førresfjorden sokn.

Nedstrand sokn i dag[endre | endre wikiteksten]

Nedstrand sokn har 1 837 innbyggjarar (2013), helvta av dei på Nedstrandhalvøya og helvta i Skjoldastraumen med omgivnad. Soknet høyrer til Haugaland prosti.

Nedstrand kommune[endre | endre wikiteksten]

Ved innføringa av formannskapslovene 1837 danna Nedstrand prestegjeld (Hinderå sokn og Sjernarøy sokn) éin kommune med same namn som prestegjeldet. I 1868 vart den delt så at dei to sokna vart kvar sin kommune. Hinderå sokn skipa Hinderå kommune, og når soknet fekk nytt namn gjaldt det kommunen òg. Nedstrand kommune vart oppløyst i 1965 og innlemma i Tysvær kommune.

Soga[endre | endre wikiteksten]

I dansketida var Nedstrand ein viktig stad for utskiping tømmer, med status som tollstad, noko som gjorde at staden tevla med Stavanger om å vera viktigaste stad i amtet. Heilt til Rennfast kom, gjekk det bilferja frå Nedstrand til Stavanger. Når ferjesambandet mellom Skudnes og Stavanger ein gong i mellom vart stengd eller sprengd, kom folk gjerne køyrande for å fara med nedstrandsferja i staden. Turen tok om lag 3 timar. Framleis går det snøggbåt same veg, og «tofflå» («tøfla» — ei lita ferja) går framleis til ferjestadene i nærleiken (Jelsa m.m.). Nedstrandsferja hadde eit eige ferjestø i Stavanger.

Nynorsk vart innført som målform i dei første skulekrinsane i 1919. Snautt tjue år seinare var han målform i alle krinsane, og held fram den dag i dag.

Nedstrand er nemnt i Garman & Worse av Alexander Kielland. Fjernsynsfilmen Garman & Worse vart i stor grad spela inn på Sandsgard, ein gamal futegard ikkje langt frå Stranda..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]