Need Your Love So Bad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Need Your Love So Bad
Singel av Little Willie John
B-side «Home at Last»
Utgjeve 1955
Innspelt New York City, 28. september 1955
Sjanger Blues
Lengd 2:14
Selskap King (kat.nr. 4841)
Låtskrivar(ar) Mertis John Jr.

«Need Your Love So Bad», stundom kalla «I Need Your Love So Bad», er ein bluessong først publisert i 1955 og skriven av Mertis John Jr.

Den første innspelinga av songen vart gjort av den yngre broren til Mertis John, Little Willie John[1][2][3] og gjeven ut på King Records.[2] Singelen til Willie John nådde femteplassen på Billboard R&B-lista i 1956[4] Og B-sida «Home at Last» nådde sjetteplassen på same lista.[4] Songen har ei AABA-form og ein harmonisk struktur som var typisk for ein R&B-ballade,[5] og «Need Your Love So Bad» er blitt skildra som «ei intens bøn om kjærleik [...] ganske annleis ein vanleg R&B-ballade.[6]

B.B. King spelte inn songen i desember 1967 kalla «I Need Your Love» for albumet Lucille. Fleetwood Mac spelte så inn songen og gav han ut på singel[2] som nådde 31. plassen på UK Singles Chart i august 1968.[7] Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre David Byron, Whitesnake, Gary Moore (på hyllestalbumet Blues For Greeny), Irma Thomas, Buddy Guy, Joe Cocker, Bonnie Lee, Bonnie Tyler, Eva Cassidy, Deborah Bonham, Sting, The Allman Brothers Band, Pee Wee Crayton og Robert Palmer.

Det vert ofte feilaktig sagt at det var Little Willie John som skreiv songen.[8] Eit døme på dette er på Fleetwood Mac-albumet The Pious Bird of Good Omen i 1969.[9]

Little Willie John-versjonen av songen vart nytta i filmen Wonder Boys i 2000.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Little Willie John, Need Your Love So Bad by Mertis John». Allmusic.com. Henta 12. mai 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Little Willie John by Richard Tapp». Acerecords.co.uk. Henta 12. mai 2015. 
  3. «Soul Greats, Marble John». Supersoulsisters.com. Henta 12. mai 2015. 
  4. 4,0 4,1 Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942–2004. Record Research. s. 228. 
  5. Appen, Ralf von / Frei-Hauenschild, Markus «AABA, Refrain, Chorus, Bridge, Prechorus — Song Forms and their Historical Development". In: Samples. Online Publikationen der Gesellschaft für Popularmusikforschung/German Society for Popular Music Studies e.V. Ed. by Ralf von Appen, André Doehring and Thomas Phleps. Vol. 13 (2015), s. 31, 35.
  6. Grendysa, Peter A. (1993). Fever: The Best of Little Willie John (tekst i omslag). Rhino Records. s. 1. R2 71511. 
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 205. ISBN 1-904994-10-5. 
  8. Ron Wynn. «Fever: The Best of Little Willie John - Little Willie John - Songs, Reviews, Credits, Awards - AllMusic». AllMusic. Henta 22. desember 2014. 
  9. Rsindex.pictures-hosting.com «Fleetwood Mac, Pious Bird of Good Omen , image of disc label» Check |url= value (hjelp). Pictures-hosting.com. Henta 12. mai 2015. 
  10. «The AFI Catalog of Feature Films: Wonder Boys». Afi.com. Henta 12. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]