Neendakara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neendakara
busetnad
St-Sebastians-Church-Neendakara-Kollam.jpg
Land Flag of India.svg India
Stat Kerala
Wikimedia Commons: Neendakara
Neendakara bru

Neendakara er ein landsby i Kollam distrikt, ni kilometer nord for Kollam i den indiske delstaten Kerala. Han er fiskerihamna til Kollamdistriktet. Neendakara ligg 30 km nord for Paravur. På malayalam tyder Neendakara 'lang banke'.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då handelsmenn frå Portugal slo seg ned i Kollam (den gongen Quilon) tidleg på 1500-talet, segla dei båtane sine gjennom Neenadakara-sundet. På denne staden finn ein i dag Neendakara-brua (Neendakara Bridge), som er ein del av motorvegen National Highway 47. Brua bind saman landsbyen Neendakara med Sakthikulangara på den andre sida av Ashtamudi-sjøen (Ashtamudi Lake).[1]

Hovudkvarteret til det norsk-indiske fiskeriprosjektet i Kerala låg i Neendakara frå prosjektet vart etablert i 1953 fram til 1961, då staden vart overlevert til styresmaktene i Kerala.[2] Prosjektet flytta ti mil lenger nord, til Ernakulam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gulati, Leela (1984). Fisherwomen on the Kerala Coast: Demographic and Socio-economic Impact of a Fisheries Development Project. International Labour Organisation. s. 48. ISBN 978-92-2-103626-5. Henta 20. mai 2009. 
  2. «History». National Institute of Fisheries Post Harvest Technology and Training. Henta 20. mai 2009.