Nefelinsyenitt-pegmatitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Nepheline syenite of the Intrusive Complex of Tanguá, State of Rio de Janeiro, Brasil (Motoki et al., 2011a)

Nefelinsyenitt-pegmatitt er ein særs grovkorna bergart samansett av minerala nefelin og alkalifeltspat, i tillegg til pyroksen, biotitt og magnetitt. Dei opptrer i tilknyting til nefelinsyenitt som grovkorna gangar og kan innehalde ei rekkje sjeldne mineral.

I Noreg er nefelinsyenitt-pegmatittgangane i Langesundesfjorden kjent for fleire sjeldne mineral. W.C. Brøgger skildra i alt 75 ulike mineral frå dette området, og av desse var meir enn 20 den gongen nye for vitskapen.

Hovudmineral er alkalifeltspat (hovudsakleg mikroperthitt), nefelin (ofte omdanna til ein zeolittblanding), sodalitt (for det meste omdanna til natrolitt, 'spreustein'), ægirin, barkevikitt og nærstående hornblender.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]