Nehalim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°3′30.6″N 34°54′49.31″E
Nehalim
נְחָלִים
moshav
Bait rhison.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 32°3′30.6″N 34°54′49.31″E
Grunnlagd 1952
 - Grunnlagd av Medlemmar av Jerusalemorganisasjonen
Tilhøyrsle Hapoel HaMizrachi
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Moshav Nechalim

Nehalim (hebraisk skrift נְחָלִים, tyder Bekkar) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg kring 4 km aust for Petah Tikva og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 100.

Moshaven vart grunnlagd av medlemmar av Jerusalem Organisation. Dei hadde byrja jordbruksopplæring i 1938 i Menahemia. I 1944 flytta dei til Galileastripa og slo seg ned i området som i dag er HaGoshrim. Han vart kalla opp etter nærliggande bekkar som renn til Jordanelva. Som følgje av den arabisk-israelske krigen i 1948, gjekk dei religiøse innbyggjarane med på å flytte (busetnaden var no på grensa til Syria), og flytta husa til den fråflytta landsbyen Wilhelma. Den nye moshaven vart grunnlagd i 1952 på 25 dekar land.

Nehalim har ei hovudsynagoge, grunnlagd av jødar frå Europa. I 2012 utvikla det seg ein kontrovers då den aukande Mizrahi-populasjonen i moshaven ønskte å byggje ei ny synagoge for å gjenspegle den religiøse arva si, men vart hindra av sjefsrabbien i moshaven, David Greenwald.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Merilos, Itamar (3. mai 2012). «בית כנסת בנוסח עדות המזרח? לא בנחלים» [A Mizrahi synagoge? Not in Nehalim]. Ynet (på hebraisk). Henta 22. februar 2015.