Nei til atomvåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nei til atomvåpen

Org.nr.971527676
Skipa1979
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://neitilatomvapen.org

Nei til atomvåpen (NTA) er ein norsk organisasjon som arbeider for atomvåpennedrusting og forbod mot atomvåpen. NTA går også mot atomkraft. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig. NTA tek initiativ overfor den norske befolkninga, politikarar, fagforeiningar og andre organissjonar[1].

Dagleg leiar frå 1981 til 2011 var Ole Kopreitan, frå 2011 til 2014 Lars Gaupset, 2014-2015 Anne Gerd Grimsby Haarr og frå 2015 Frode Ersfjord. Styreleiar sidan 2007 er Stine Rødmyr. I 2004 hadde NTAs medlemsavis eit opplag på 20 000.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nei til atomvåpen vart skipa under namnet Nei til nye atomvåpen i oktober 1979 som ein protest mot USAs planar om å utplassere nye mellomdistanserakettar i Vest-Europa og som ein protest mot Sovjetunionens utplassering av SS-20-rakettar. Namnet Nei til Atomvåpen vart vedteke i 1980.

NTA vart ei av dei sterkaste folkerørslene i Noreg i etterkrigstida. NTA arbeidde for ei nordisk atomvåpenfri sone, for atomvåpenfrie hamner, for "frys" i atomvåpenarsenala og tok initiativ til eit internasjonalt opprop mot USAs stjernkrig-prosjekt. NTA hadde mønstringar i dei fleste byane og i mange tettstader.

Nei til atomvåpen var del av den nye internasjonale fredsrørsla som voks fram frå slutten av 1970-åra og byrjinga av 1980-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]