Neiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jente som kniksar
La révérence
av William Adolphe Bouguereau

Neiing er ei helsing som skjer ved at den eine foten vert sett framfor den andre, før knea vert bøygde lett. Lett bøying av knea vert kalla kniksing. Neiinga har opphav i knelinga.

Tradisjonelt i Europa har det vore skikken at småjenter neiar og kniksar, vaksne kvinner neiar berre for svært høgtståande personar. Overfor kongelege kan ein neie ved den såkalla hoffreverensen: Venstre fot vert ført til sides, høgre for bakanfor, før knea vert bøygde slik at høgre kne vert ført fram på venstre side av venstre kne.

Neiinga eller kniksinga kan bli kombinert med lett nikking og ved visse høve med eit handtrykk. Neiing kan også vera del av den thailandske helsinga wai.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]