Neijiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neijiang (gul) i Sichuan

Neijiang (forenkla kinesisk: 内江; tradisjonell kinesisk: 內江; pinyin: Nèijīang) er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 5 386 km² og 3 702 847 innbyggjarar (2010).

Byprefekturet Neijiang omfattar to distrikt (区 ), og tre fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Neijiang har raffineri for sukker og annan matvareindustri.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Byen Neijiang ligg ved elva 'Tuo Jiang' og har elvehamn. Han er også eit jarnbaneknutepunkt. Chengdu-Chongqing-jarnbanen har stoppestad i Neijiang og elles det er ei nybygd jarnbanelinje med endepunkt Kunming i Yunnan-provinsen.

Kinas riksveg 321 går gjennom prefekturet. Han fører frå Guangzhou i provinsen Guangdong via mellom andre Wenzhou og Guilin til Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]