Neil Stubenhaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neil Stubenhaus
Fødd 18. juli 1953 (65 år)
Instrument

bassgitar

Aktive år Sidan 1977
Yrke musikar
Tilknytte artistar Blood, Sweat & Tears, Quincy Jones, Barbra Streisand

Neil Stubenhaus (fødd 18. juli 1953) er ein USA-amerikansk bassgitarist.[1][2]

Stubenhaus byrja å spele bassgitar då han var 12 og studerte ved Berklee College of Music, der han tok eksamen i 1975. Han byrja så å spele i eit band med ein annan Berklee-student, Steve Smith (Vital Information, Journey). Her møtte han òg trommeslagarane Vinnie Colaiuta og John Robinson.

I 1977 vart han med i Blood Sweat & Tears og spelte på det første soloalbumet til David Clayton-Thomas. I 1978 drog han på turné med Larry Carlton. Dette førte han til Vestkysten der han møtte Mike Post og andre komponistar og byrja som studiomusikar. Sidan 1979 har Stubenhaus spelt på meir enn 600 album og spelt filmmusikk for over 150 filmar.

Stubenhaus har spelt mykje med med Barbra Streisand og Quincy Jones. Andre artistar han har spelt med er Aerosmith, Anita Baker, Gigi D'Alessio, Elton John, Rod Stewart, Billy Joel, Frank Sinatra, Nancy Wilson, Patti LaBelle, Michael Bolton, Ricky Martin, Dan Fogelberg, John Fogerty, Cher, Shirley Bassey, Joe Cocker, Bobby Caldwell, Taylor Dayne, Vince Gill, George Benson, Al Jarreau, Don Henley, Luis Miguel, Julio Iglesias, BB King, Michael McDonald, Bette Midler, Hanson, The Corrs, Milton Nascimento, Pointer Sisters, Eros Ramazzotti, Bonnie Raitt, Lee Ritenour, Lionel Richie, Selena, Diane Schuur, Tom Scott, Kirk Whalum, Lisa Stansfield og mange andre.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Video Interview: Neil Stubenhaus». Arkivert frå originalen 6. oktober 2011.  Den ukjende parameteren |utgjevar= vart ignorert (hjelp)
  2. «Video Interview : Neil Stubenhaus». Webcitations.org. Arkivert frå originalen 14. september 2011. Henta 5. juni 2018. 
  3. «Neil Stubenhaus | Songs». AllMusic. Henta 5. juni 2018.