Nein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nein
ניין, نين
landsby
På veg inn i Nein
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Bustan al-Marj
Koordinatar 32°38′N 35°21′E / 32.633°N 35.350°E / 32.633; 35.350
Folketal 1 600  (2005)
Kart
Nein
32°38′00″N 35°21′00″E / 32.633333333333°N 35.35°E / 32.633333333333; 35.35
Wikimedia Commons: Nein

Nein (arabisk نين, Na'in, tyder Sjarmerande, hebraisk ניין, i Bibelen kalla Nain eller Naim) er ein arabisk landsby i Israel som høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune i Nedre Galilea. Han ligg 14 km sør for Nasaret og dekkjer eit område på kring 1 kvadratkilometer.[1] I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Nein eit folketal på 1 600 i 2005.[2] Kommunehuset for Bustan al-Marj regionale kommune ligg i Nein.[3]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Nein ligg i nærleiken av Tabor.[4] Ein ås som på arabisk vert kalla Tell el-Ajul ligg langs ein stig som gjekk mellom Nein og den nærliggande Indur, ein arabisk landsby som vart øydelagd under den israelsk-arabiske krigen i 1948.[5] Edward Robinson skildra Nein som ein stad i nordsida av ein ås kalla «Vesle Hermon» og han er i bibelske guidebøker skildra som ein stad ved foten av åsen Moreh.[6]

Tilknyting til Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Oppvekkinga av den unge mannen frå Nain, av Lucas Cranach, i 1569.

Edward Robinson og Eli Smith, som vitja Palestina midt på 1800-talet, identifiserer Nein som «Nain frå Det nye testamentet,» der Jesus skal ha vekt ein ung mann opp frå dei døde, i følgje Bibelen (Evangeliet etter Lukas 7:11-17).[7]

I følgje Lukas hadde ei enkje, som levde i Galilea, mista den einaste sonen sin, og dermed alt ho hadde å leve for. Då Jesus såg den sørgjande enkja kome berande på den døde sonen følte han medkjensle med ho. Han gjekk bort til båra, tok på denne og sa til mannen: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» Mannen kom til livet att, sette seg opp og byrja å snakke. Folk som var vitne til hendinga vart slått av ærefrykt og ordet om det som hadde skjedd spreidde seg over heile området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nein er nemnt av Eusebius (ca. 263–339) og Jerome (ca. 347 – 420) som ein stad nær Endor (Indur).[7] Han vart identifisert som ein bibelsk stad av krossfararar, som bygde ei kyrkje der til minne om miraklet, ei kyrkje som vart ombygd av fransiskanarar.[4][7] Nein har blitt vitja av mange reisande og pilegrimar sidan den gong. Robinson og Smith noterte òg at Nein hadde blitt ein mindre stad med åra og at han berre var ei grend, busett av nokre få familiar då dei noterte dette .[7] Mot slutten av 1800-talet vart Nein skildra som ein liten landsby laga av stein og soltørka leirstein, med ein liten moské kalla Mukam Sidna Aisa, i nord.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Velkomen til Na'in
  2. Localities with populations of 1 000 or Above Israelsk statistisk sentralbyrå, 2005
  3. Bustan El-Marj (Israel) Dov Gutterman, Flags of the World.
  4. 4,0 4,1 Carta, 1999, s. 26.
  5. van de Velde, 1858, s. 142.
  6. Robinson and Smith, 1856, s. 331.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Robinson and Smith, 1841, s. 226.
  8. Conder og Kitchener, SWP, 1882, II, s. 86

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]