Kornband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nek)
Kornband til tørk.

Kornband, eller nek, er ein bunt med korn som er bunden saman på midten. Dette har ein bruka til å samla korn for tresking, til å fora husdyr og som mat til fuglar.

Metode[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider vart kornet skore med sigd i skuronna, og når ein hadde ein høveleg stor bunt, vart han bunden saman med halmstrå som vart lagt rundt midten på bandet og knytt.

Kornskur med kornband i bakgrunnen. Det turre kornet vert treska av ein mann og ei kvinne ved at dei har lagt det utover eit golv og slår på det med ein slegel (òg kalla sliul). Italiensk illustrasjon frå 1300-talet.

Kornbanda vart så sette på staur, eller skola opp mot kvarandre, for å tørkast. Når dei var tørre vart dei kjøyrt inn og lagra på kornlåven. I ei tid då kornet vart handsama mange gongar var det praktisk at kornet var bunta saman til høveleg store kornband. Kornbanda kunne ikkje vera tjukkare enn at halmen kunne knutast rundt dei. At dei ikkje var så tjukke førte òg til at dei tørka snøggare.

Dei fyrste sjølvbindarane nytta metalltråd til å binda kornbanda saman med, men det førte til problem når halmen vart nytta til fôr eller strø, ved at krøtera kunne eta i seg bitar av ståltråden. At ei ku åt i seg «kvast» kunne bety eit økonomisk tap om ho måtte avlivast. Problemet vart løyst ved at det vart utvikla bindeapparat som nytta sisalgarn.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Julenek[endre | endre wikiteksten]

Gammalt norsk julekort med fugle- eller julenek av havre. (Frå Nasjonalbiblioteket)
Julenek (julkärve) med dompapar på ein julemarknadSkansen i Stockholm i 2013.

I Norden har det lenge vore vanleg å setja et kornband med havreaks, eit fugle- eller julenek, utanfor huset i jula, ofte på ei stong. Julenek er eit kornband av havre som tradisjonelt blir sett ut til småfuglane til jul. Slike nek har vore vanlege i Norden, og kan sporast tilbake til 1700-talet, men er truleg vesentleg eldre. Dei er vanlege motiv på tradisjonelle julekort.

Opphavet til skikken med å setja opp kornnek eller kornband til jul er usikkert. Den første gongen slike nek er nemnde skriftleg er i 1753, då Erik Pontoppidan skildra skikken på Vestlandet: «Jule-Aften gaaer den Norske Bondes Hosspitalitæt saavidt, at han end ogsaa byder Fuglene til Giest, settende et utærsket Korn-Neeg uden for Lade-Døren paa en Stang, hvorved Spurrer og andre smaa Fugle holde seg ret lystige.»[1] Fordi prestar på 1700-talet skal ha fordømt skikken som heidensk, har nokre gjetta på at juleneket opphavleg var eit førkristent vinteroffer.[2] Andre forskarar har tolka julenek som eit vern mot vonde makter, som eit offer til ein vegetasjonsguddom, eit hjelpemiddel til å halda liv i ein heidensk kornande, eller som ei magisk bestikking for å hindra at fuglar skulle øydeleggja avlinga for neste år.[2] Dei trudde kanskje at om fuglane fekk ein eigen bit av dei fine, dyre frøa til jul, ville dei vera mindre glupske resten av året. Skikken kan også ha hatt utspring i at både menneske, dyr og fugler skulle få litt ekstra til jul.[2] Han kan minna litt om svensk julstång, avkvista tre som blei sette opp utandørs til jul.

I visse overleveringa var ikkje nek til for fuglar, men for bukkane til guden Tor. Kornneket skulle setjast opp på julaftan og ein fekk ikkje ha dopp i grytan (julemat) til kornneket var oppe. Det skulle sitja så høgt som mogleg, og ein vart tevla om å få det høgaste neket. Ein trudde mellom anna at dette skulle verna mot lynnedslag resten av året.

I Huskvarna og Jönköping er det blitt tradisjon å henga opp store kornband som dekorasjon før jul. Desse er ikkje laga av korn, men av siv.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Olav Bø: Vår norske jul side 56
  2. 2,0 2,1 2,2 snl.no om julenek
  3. Bunnvik, Gunilla (18. desember 2019). «Jultecken: Kärven på plats i Jönköping». SVT Nyheter (på svensk).