Nellie Cournoyea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nellie Cournoyea

Fødd4. mars 1940 (84 år)
Aklavik
Statsborgar avCanada
Yrkepolitikar
Alle verv
  • Nordvestterritorienes førsteminister Sjå dette på Wikidata

Nellie Cournoyea OC ONWT (fødd 4. mars 1940[1]) er ein kanadisk politkar frå Aklavik som var den sjette premieren (leiaren) av Nordvestterritoria frå 1991 til 1995. Ho var den fyrste kvinnelege premieren av eit kanadisk territorium og den andre kvinnelege premieren i kanadisk historie etter Rita Johnston i Britisk Columbia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Cournoyea er av norsk og inupiat-avstamming. Som barn var ho elev ved ein kostskule for urfolk. Truth and Reconciliation Commission-rapporten fortel korleis ho blei teken vare på av urfolksfamiliar langs ruta si etter at ho flykta frå ein anglikansk studentbustad i Nordvestterritoria etter ein konfrontasjon med ein lærar.[2]

Før ho byrja i politikken arbeidde Cournoyea som stasjonsvert og leiar for CBC North i Inuvik, og arbeidde med landrettar for urfolk for Inuit Tapirisat of Canada.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho blei fyrst vald inn i den lovgjevande forsamlinga til territoriet i 1979, som representanr for valdistriktet Western Arctic fram til det blei oppløyst i 1983, og deretter for det nye distriktet Nunakput i resten av den politiske karrieren. Ho hadde fleire ulike regjeringspostar.

14. november 1991 blei ho vald til premier i territoriet under konsensusmodellen, der leiaren blir vald av dei folkevalde etter valet. Cournoyea var premier til 1995, og valde deretter å ikkje stilla til val att. Ho blei seinare leiar og administrerande direktør for Inuvialuit Regional Corporation.

Ho vann National Aboriginal Achievement Award, no Indspire Awards, i 1994, og er blitt tildelt æresdoktorat i lov og rett frå Lakehead University, Carleton University og University of Toronto.

I 2008 blei ho utnemnd til Officer of the Order of Canada,[3] og vald inn i Aboriginal Business Hall of Fame.[4] I 2016 blei Cournoyea tildelt Order of the Northwest Territories.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nellie J. Cournoyea Arkivert 2013-12-24 ved Wayback Machine. at Collections Canada]
  2. «Report of the Truth and Reconciliation Commission: Executive Summary» (PDF). s. 121. Arkivert frå originalen (PDF) July 4, 2017. Henta September 26, 2015. 
  3. «Governor General Announces New Appointments to the Order of Canada». 
  4. «Inuit Congratulate Nellie Cournoyea For Induction into Aboriginal Business Hall of Fame». Inuit Tapiriit Kanatami. February 19, 2008. Arkivert frå originalen May 4, 2013. Henta 20. april 2014.