Nelson Mandela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nelson Mandela

Nelson Rolihlahla Mandela (18. juli 19185. desember 2013) var ein av dei førande anti-apartheid-aktivistane i Sør-Afrika og var den første svarte presidenten i landet, 19941999. Han fekk Nobels fredspris i 1993, saman med Sør-Afrika sin daverande president Frederik Willem de Klerk.

Det tidlege livet hans[endre | endre wikiteksten]

Rolihlahla Mandela vart fødd i Qunu i Transkei. I ein alder av sju år vart han den første i sin familie som gjekk på skole, der ein metodistisk lærar gav han det engelske namnet «Nelson». Far hans døydde kort tid etter mens Mandela gjekk på ein wesleyansk misjonsskole ved regentpalasset. Etter Xhosa-skikk gjekk han gjennom eit manndomsritual med omskjering i ein alder av 16 år. Han begynte deretter på Clarkebury kostskole, der han lærte om den vestlege kulturen. Han fekk sin Junior Certificate-eksamen etter to år, mot normalt tre.

Som 19-åring, i 1934, skifta Mandela til Wesleyan College i Fort Beaufort, der dei fleste kongelege frå Thembu-stammen gjekk. Etter å ha vorte immatrikulert, begynte han på ein bachelorgrad ved Universitetet i Fort Hare[1]. Her møtte han Oliver Tambo, som vart ein venn og kollega for livet.

I slutten av det første året sitt vart han involvert i studentrådet sin boikott av universitetsreglane, og måtte etter det fare frå Fort Hare. Han fór til Johannesburg, og avslutta baccalaurusgraden sin ved Sør-Afrika-universitetet (UNISA), og begynte deretter å studere jus ved Wits-universitetet.

Politiske aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Som ung jusstudent vart Mandela involvert i den politiske motstanden mot det kvite mindretalstyret, som nekta å gi politiske, sosiale og økonomiske rettar til det svarte fleirtalet. Han vart medlem av African National Congress (ANC) i 1942, og grunnla Youth League (ungdomsforbundet) to år seinare saman med Walter Sisulu, Oliver Tambo og andre.

Sjølv om dei opphavleg støtta ein ikkje-valdeleg kamp og vart frikjende i landssvikssaka frå 195661, aksepterte Mandela og kollegaene hans at det var nødvendig med væpna kamp etter nedskytinga av uvæpna demonstrantar i Sharpeville i mars 1960, og det påfølgjande forbodet mot ANC og andre anti-apartheid-grupper.

I 1961 vart Mandela leiar av ANC si væpna fløy Umkhonto we Sizwe («Nasjonen sitt spyd»), og i august 1962 vart han arrestert og fengsla i fem år for ulovlege utanlandsreiser og oppfordring til streik. I juni 1964 vart han dømd igjen, denne gongen på livstid, for å ha deltatt i planlegging av væpna kamp.

Etter å ha avslått å bli sett fri mot å ta avstand frå væpna kamp (februar 1985), vart Mandela verande i fengsel til februar 1990, da vedvarande kampanjar frå ANC og internasjonalt press førte til frigivinga den 11. februar etter ordre frå president Frederik Willem de Klerk, som samtidig oppheva forbodet mot ANC. Mandela og Klerk fekk saman Nobels fredspris i 1993.

Som president for ANC (juli 1991 til desember 1997), og den første svarte presidenten i Sør-Afrika (mai 1994 til juni 1999), hadde Mandela det overordna ansvaret for overgangen frå mindretalsstyre og apartheid, og han oppnådde internasjonal respekt for å tala for nasjonal og internasjonal forsoning.

Somme radikale var likevel skuffa over manglande sosiale forandringar i regjeringstida hans, mellom anna regjeringa sin ineffektivitet i forsøket på å hemme utbreiinga av AIDS. Mandela vart òg kritisert i visse kretsar for vennskapen sin med diktatorar som Cubas Fidel Castro og Libyas Muammar Al Gadhafi, som hadde støtta han i kampen mot apartheid, og som han kalla «våpenbrør». Avgjerda hans om å bruke sørafrikanske troppar til å slå ned kuppet i 1998 i Lesotho er òg eit kontroversielt emne.

Mandela har vore gift tre gonger. Det første ekteskapet hans var med Evelyn Ntoko Mase, og det enda i skilsmisse i 1957 etter 13 år. Han hadde eit 38-årig ekteskap med Winnie Mandela, som han vart separert frå i april 1992, og seinare skilt frå i mars 1996, blant anna på grunn av politisk usemje. På 80-årsdagen sin vart han gift med Graça Machel, enkja etter Samora Machel, den tidlegare presidenten i Mosambik og ANC sin allierte, som hadde vorte drepen i ein flystyrt 15 år tidlegare.

Da han i 1999 gjekk av som president, vart Mandela talsmann for fleire forskjellige sosiale organisasjonar og menneskerettsorganisasjoner. Han mottok mange utanlandske heidersteikn, blant andre Order of St. John frå Elisabeth II av Storbritannia og storkrossen av St. Olavs Orden.

I 1990 vart han den eine av berre to personar av ikkje-indisk opphav (Mor Teresa er den andre) som har fått Bharat Ratna, Indias høgste sivile orden.

I 2003 fordømte Mandela George W. Bush sin utanrikspolitikk. Seinare same året støtta han 46 664 AIDS-pengeinnsamlingskampanjen, namngitt etter fangenummeret hans.

Han stod oppført på USA si terrorliste fram til 2008 [2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. , Kristiansen, T., 20 ting du ikke visste om Mandela, Nrk.no, 18/7-2013.
  2. Tjørhom, V., Mandela sto oppført på USA si terrorliste til han var 90 år. Nrk.no, 29/6-2013.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Anthony Sampson; Mandela: the authorized biography; ISBN 0-679-78178-1
  • Nelson Mandela; Long Walk to Freedom: The Autobiography of Nelson Mandela; Little Brown & Co; ISBN 0-316-54818-9 (paperback, 1995)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nelson Mandela