Nemanja Matić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nemanja Matić


Statsborgarskap Serbia
Fødd 1. august 1988 (35 år)
Šabac
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2018

Nemanja Matić (fødd 1. august 1988) er ein serbisk fotballspelar som sidan 2017 er aktiv i den engelske klubben Manchester United. Tidlegare har midtbanespelaren vorte seriemeister i Portugal med Benfica og i England med Chelsea FC. Pr 1.1.2019 har Matić delteke i 46 landskampar for Serbia.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Matić spelte fram til 2007 for heimlege Kolubara på lågare nivå i serbisk seriefotball. Etter to år med det slovakiske laget VSS Košice, vart han i 2009 overført til engelske Chelsea FC mot £1,5 millionar. Han lukkast ikkje spele seg inn på Chelsea-laget, og var 2010/11-sesongen aktiv for Vitesse i Nederland. Sommaren 2011 fekk han kontrakt med Benfica i Portugal, der han i 2013 vart kåra til årets spelar i toppserien og sesongen etter vart seriemeister. Midtvegs i den sistnemnde sesongen, i januar 2014, vart han på ny overført til Chelsea, ved det høvet mot £21 millionar. Med framifrå duellstyrke og jamnt høge prestasjonar, nett som i Benfica, bidrog Matić mykje til at Chelsea tok heim ligapokalen våren 2015. Like viktig var han ikkje då London-klubben i 2017 på ny vann Premier League. Frå sommaren 2017 har Matić vore Manchester United-spelar. Han deltok då hans nye klubb tapte FA-cupfinalen 2018, mot hans gamle klubb Chelsea FC.

Nemanja Matić i Chelsea-drakt

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Matić landslagsdebuterte i desember 2008, men det var fyrste fem år seinare han for alvor slo seg inn på Serbias lag. Han spelte alle tre VM-kampane til Serbia under Fotball-VM 2018 i Russland. Ved inngangen til 2019 har han fått bokført 2 landslagsmål på 46 kampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Slovakisk cupmeister:2009 med VSS Košice
  • Portugisisk ligameister: 2014 med Benfica
  • Engelsk ligameister: 2015 og 2017 med Chelsea FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]