Nenad Stekić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nenad Stekić

Nenad Stekić (fødd 7. mars 1951) er ein jugoslavisk-serbisk tidlegare friidrettsutøvar som internasjonalt tevla i lengdehopp. Han vann sølvmedaljen i øvinga både under EM 1974 og EM 1978.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stekić hoppa seg inn i verdseliten i 1973-sesongen då han presterte 8,12 meter som best. Året etter forbetra han den jugoslaviske rekorden til 8,15 meter, før han vart andremann i øvinga under europameisterskapen i Roma, 7 centimeter bakom Valerij Podluzjnyj. Siste helga i oktober 1974 vann han ei internasjonal tevling med 8,24 m, det nest beste lengdehoppet i verda den sesongen. Den 25. juli 1975 landa Stekić på 8,45 meter ved eit stemne i Montreal, einast verdsrekordhaldar Bob Beamon hadde då hoppa lengre. I 1976 fekk Stekić notert 8,39 m i sitt bestehopp, men under vanskelege tilhøve under OL-finalen i Montreal måtte han nøye seg med 7,89 m og ein sjetteplass.

Både i 1977- og 1978-sesongen toppa Stekić lista over årsbeste i verda i lengdehopp. I 1977 målte lengste hoppet 8,27 m og i 1978 landa han på 8,32 meter ved eit stemne i Rovereto, det siste oppnådd ei veke etter han kom på andreplassen under EM i Praha med sine 8,12 m. Frå 1979 til 1986 heldt Stekić framleis eit høgt internasjonalt toppnivå, men var tidvis plaga av skadar. Så seint som i 1986, 35 år gammal, vart han målt til 8,19 m. Han slutta tevle for godt i 1991.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]