Svartgrovnebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Neoctantes)
Svartgrovnebb
Svartgrovnebbhann
Svartgrovnebbhann
Svartgrovnebbhoe
Svartgrovnebbhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Svartgrovnebb
Utbreiinga av Svartgrovnebb
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Neoctantes
Art: Svartgrovnebb N. niger
Vitskapleg namn
Neoctantes niger

Svartgrovnebb, Neoctantes niger, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Neoctantes.

Han er 16 centimeter lang, har kraftig nebb med eit utprega oppkurva underkjeve og ein rett overkjeve. Hannen er fullstendig svart med ein dels skjult kvit flekk på ryggen. Hoa er lik hannen, men har eit breitt, raudbrunt til nøttebrunt område over brystet. Desse fuglane lever i tett vegetasjon, på eller nær bakken og er sky og vanskeleg å observere. Dei beitar ofte parvis eller aleine og er lite vokale.

Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Brasil, Colombia, Ecuador og Peru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svartgrovnebb