Neoimpresjonisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søndagsettermiddag på La Grand Jatte (1884) av Georges Seurat.

Neoimpresjonisme var ein retning innan målarkunst på 1880- og 1890-talet. Retningen var ei vidareutvikling av teknikken til impresjonistane gjennom eit vitskapleg studium av farge og divisjonisme. Neoimpresjonismen fekk stor tyding or mellom anna fauvistane, og kan seiast å ha blitt etterfølgd av neoplastisisme.

Neoimpresjonismen blei grunnlagd av pointillisten Georges Seurat. Måleriet hans Søndagsettermiddag på La Grand Jatte blei den store attraksjonen på haustutstillinga 1886 som markerte innføringa av neoimpresjonismen som term og teknikk.

Til grupperinga pleier ein også rekna Paul Signac. Nokre tilhengjarar av rørsla - belgiske Henry van de Velde og Georges Lemmen og finske Alfred William Finch - overførte snart dei neoimpresjonistiske idean til kunsthandverk.

Retningen stod i opposisjon mot impresjonismen, og fekk gjennom dette tyding for seinare stilkunst som symbolisme på 1890-talet og ekspresjonisme og kubisme på 1900-talet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 19, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 944-45. 
  • Robyn Roslak, Neo-impressionism and Anarchism in Fin-de-Siecle France, Ashgate Publishing 2007.