Yngre steinalder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Neolittikum)
Under yngre steinalder laga ein polerte økser og andre steinreiskapar.

Yngre steinalder viser til siste delen av steinalderen, då dei fleste menneske blei bufaste jordbruksfolk. Tida er også kjend som bondesteinalderen, neolittisk tid eller neolitikum. Den yngre steinalderen var prega av «den neolittiske» eller «jordbruksrevolusjonen», ei gradvis endring frå jakt og sanking til dyrehald og dyrking av jorda som hovudnæringar. Slike «revolusjonar» fann stad fleire stader på jorda, uavhengig av kvarandre, og spreidde seg så ofte gjennom kontakt. Ein reknar med at yngre steinalder tok til rundt 8500 f.Kr. i den fruktbare halvmånen i Midt-Austen, der ho frå rundt 3500 f.Kr. blei avløyst av bronsealderen. I Norden reknar ein tida 4000–1800 f.Kr. til yngre steinalder.

Keramikk med ulikt mønster blei utbreidd på denne tida.

Endringane omfatta nye teknologiar, som polerte steinreiskapar, veving og pottemakeri i stort omfang; mogleik for matoverskot og større busetjingar i hus og landsbyar, men også eit meir einsidig kosthald og nye sjukdommar og epidemiar. Ein fekk større yrkesspesialisering, truleg også større sosial skilnad. Store steinsetjingar og gravkammer blei bygde på denne tida, noko som peiker mot organiserte samfunn og at visse personar var verdige større gravminne. Funn av gjenstandar som har flytta seg over større avstandar viser at ein dreiv handel. Busetjingar med vernande påleverk, skjelett med spor av vald og bergkunst av krigarar tyder på at det også blei utkjempa konfliktar.

Nokre viktige funnstader frå yngre steinalder er Abu Hureyra i Syria, Çatal Höyük i Tyrkia, Jeriko på Vestbreidda, Mehrgarh i Pakistan og Yangshao i Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Martin, Elizabeth; Hine, Robert (2008), «Neolithic», A Dictionary of Biology, Oxford University Press 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Yngre steinalder
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.