Neot HaKikar-katastrofen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neot HaKikar-minnesmerke.

Neot HaKikar-katastrofen (hebraisk אסון נאות הכיכר) skjedde den 30. desember 1970 og var fram til Karmelberget-skogbrannen i 2010 den verste naturkatastrofen i israelsk historie. Kraftig regn førte til at ein overhengande klippe raste ned i messa til ein base for Det israelske forsvaret. 19 soldatar og ein sivil vart drepen og ti soldatar skadde.[1]

Klippa var 12 meter høg og trefte kjøkenet i basen. Kort tid etter raste meir av klippa ned og trefte messa der soldatane åt lunch.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]