Neotektonikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Neotektonikk er alt som kan knytast til rørsler i jordskorpa som skjer i dag eller den aller siste delen av historia til jorda (pliocen og yngre). Dette er først og fremst landheving og landsenking og forkastingar. Det er viktig å vite om det finst slike rørsler i undergrunnen om ein skal bygge større byggverk, tunnelar, transportrøyr og liknande.

Berggrunnen i Noregvert rekna for å vere ganske så stabil, men landhevinga og lokale svermar av små jordskjelv, som i Sunnhordland og ved Meløy i Nordland, viser at det òg her finst rørsler i undergrunnen. Trykkavlastinga då isdekket smelta etter den siste istida førte til mange rørsler og eit døme på dette er Stuoragurra-forkastinga på Finnmarksvidda der det oppstod ein 80 km lang og opp mot 8 meter høg skrent i eitt enkelt rykk. Dette utløyste eit særs kraftig jordskjelv som truleg hadde ein styrke på 7 til 8 på richterskalaen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]