Nepal Airlines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boeing 757 frå Nepal Airlines på Tribhuvan internasjonale lufthamn i Katmandu. Biletet er frå 2001, då selskapet framleis heitte Royal Nepal Airlines.

Nepal Airlines, tidlegare kjend som Royal Nepal Airlines, er det nasjonale flyselskapet med i Nepal. Hovudkvarteret ligg på Katmandu internasjonale lufthamn i Katmandu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Selskapet vart grunnlagd i juli 1958 som Royal Nepal Airlines Corporation (RNAC) med ein Douglas DC-3. I byrjinga var rutenettet avgrensa til Simara, Pokhara, Biratnagar og indiske byar som Patna, Calcutta og Delhi. DC-3 var einerådande i dei første åra. I 1963 fekk selskapet to kinesiskbygde Antonov An-2, og i 1966 vart ein Fokker F27 innlemma i flåten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]