Nephelometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit nephelometer ved Kosan i Sør-Korea.

Nephelometer er eit instrument som blir brukt for å måle uklårleik i væsker. Det består av ei lyskjelde med kondensorlinse som samlar lys til ein skarp stråle. Lysstrålen fell inn mot eit glas som inneheld stoffprøven. Med eit fotometer måler ein intensiteten til lys som blir spreidd med ein bestemd vinkel, vanlegvis 90°. Ein kan òg måle intensiteten av lys som slepp rett gjennom. Instrumentet blir då kalla turbidimeter. Intensiteten av spreitt (eller gjennomfallande) lys avheng av mengd, storleik og type av partiklar i suspensjonen, og ein gjer analysar ved å nytte ulike lyskjelder og samanlikne lysutbyttet med standardkurver for kjende suspensjonar med omtrent same samansetning som prøva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]