Sjøkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nephrops)
Sjøkreps
Sjøkreps
Sjøkreps
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Hummarfamilien Nephropidae
Slekt: Nephrops
Art: Sjøkreps N. norvegicus
Vitskapleg namn
Nephrops norvegicus

Sjøkreps eller bokstavkreps (Nephrops norvegicus) er eit krepsdyr i hummerfamilien. Han lever på mjuk botn på 15-800 m djupn langs store delar av det austlege Atlanterhavet, og er vanleg å ta i trål saman med djuphavsreker. Dyret liknar hummer i kroppsform, men er mindre (12-24 cm) og slankare. Fargen varierer mellom raud og gul, ofte med lyse merke på ryggskjoldet. Det er desse som har gjeve arten tilnamnet bokstavkreps.

Sjøkrepsen er eit einsamt rovdyr, som lever av andre dyr han finn på botnen.

Den muskuløse halen er god mat. Omkring 60 000 tonn vert difor teke kvart år, halvparten av den britiske fiskeflåten. Båtar som driv med sjøkrepsfiske får òg ein del flyndre, noko som bidreg til at fangsten vert økonomisk forsvarleg.

Dyrerekka Cycliophora, som lever kommensialistisk på munndelane til dyr i hummerfamilien vart først oppdaga på sjøkreps.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]