Neptun sildeoljefabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neptun sildeoljefabrikk

Kart
Neptun sildeoljefabrikk
68°29′43″N 14°48′27″E / 68.495277777778°N 14.8075°E / 68.495277777778; 14.8075
Neptun sildeoljefabrikk ligg på Svinøya ved Melbu.

Neptun sildeoljefabrikk er eit anlegg som ligg på Melbu i Vesterålen.

Fabrikken vart sett i drift i 1910 og er i dag rekna som eit kulturminne. Lenge var produksjonen basert på sild, men da det ikkje lenger var tilgang på sild som råstoff vart det satsa på lodde. I 1980-åra svikta også tilgangen på dette råstoffet, og fabrikken vart lagt ned i 1986.

Frå 1991 er bygningane forvalta og formidla som ein del av Norsk Fiskeindustrimuseum som vart oppretta våren 1991. Norsk fiskeindustrimuseum er landsdekkjande på sitt fagområde og har ein nasjonal funksjon.

Neptun sildeoljefabrikk står på Riksantikvarens liste over prioriterte tekniske og industrielle kulturminne. Denne lista omfattar 14 anlegg, og er basert på eit omfattande registreringsarbeid.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Inger Anne Hovland: «Havets sølv som ble Melbus gull». Museumsnytt 2002: 5-6.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]