Nerøy skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Må ikkje forvekslast med Nærøy skipreide i Sogn.

Nerøy skipreide var ei av skipreideneSunnmøre,[1] namngjeven av Nerøya i Herøy kommune.

Geografisk femna ho om Herøy sokn og ein del av Sande sokn (gardane rundt Gjerdsvika, Gursken og Skogevatnet), som tilsvarar noverande Herøy kommune (unnateke Leikanger sokn og ein del av Sande kommune (krinsane Gjerdsvika, Haugsbygda og Vågen).

I begynninga av 1800-talet vart skipreidene på Vestlandet avløyste av tinglag som følgde soknegrensene. Såleis vart Nerøy skipreide 1823 erstatta av Herøy tinglag, som omfatta soknene Herøy, Sande og Rovde.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]