Nerlandsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nerlandsøya
Geografi
Norway - Nerlandsøya.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°20′58″N 05°32′46″EKoordinatar: 62°20′58″N 05°32′46″E
Areal 14,6 km²
Høgaste punkt Storevarden (430 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Demografi
Folketal 843 (2005)
Folketettleik 62 /km²

Nerlandsøya er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre.

Nerlandsøya er den tredje største øya i kommunen etter Gurskøya og Leinøya, og ligg nordvest for Skorpa og vest om Bergsøya. Innbyggjartalet per 2005 var 843, fordelt på grunnkrinsane Kopparstad, Kvalsund og Kvalsvika.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nerlandsøya er skilt frå Skorpa av Skorpesundet og frå Bergsøya av Søre Vaulen. Fylkesveg 20 kjem over til Nerlandsøya frå Bergsøya, via Nerlandsøybrua. Denne vegen deler seg og går så vidare mot høvesvis Kopparstad og Kvalsvika (då som fylkesveg 21). På austsida av øya ligg Breidsundet og Holmefjorden, som skil øya frå Remøya.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Øya har fått namnet sitt etter dei låge delane av øya, då særskilt midt mellom fjellmassivet Kvalsundfjellet og det som Mulefjellet er ein del av. Den lågaste delen av dette området har òg fått namnet Nerland. Den høgste toppen, som ligg på Kvalsundfjellet, er Varden og er 430 meter høgt. Søraust på øya, aust om Kvalsundfjellet, er det òg lågt og til ei viss grad mogleg å drive jordbruk. I vest, mellom Kvalsundfjellet og Mulefjellet, ligg Mulevika som siste stoppestad før Atlanterhavet.