Nerskogsmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nerskogsmuseet er eit museumsanlegg som skal dokumentere viktige sider ved kulturhistoria til fjellbygda Nerskogen i Rennebu kommune. Anlegget er ein del av Rennebu bygdemuseum og vart offisielt opna 16. august 1992.

Ingebrikt M. Voll var ei av eldsjelene bak tilskipinga av eit eige museum for bureisingsbygda Nerskogen, og det var han som fekk flytta det første gamle seterhuset til det som skulle bli museumstomta. Seinare kom det til eit anna seterhus frå Rokkonessetra i Eldålia (Søhaugstuggu), ei matstove (mastu) frå Rokkonessetra på Lauvåsen, og ei markastove (markastuggu) som har høyrt til Bortstuggu Uv i Leverdalen. Elles finst det ei løe som er kome frå setra til Nørrigar Voll, og eit fjøs som har stått på setra til Oppstuggu Uv. Husa er dessutan utstyrte med mange slags innbu som er samla inn frå setergrendene ikring. Det står òg ei gamme av sørsamisk type på området.