Nerstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nerstad
stad
Nor-Ka AS sitt anlegg på Nerstad
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Sigdal
Postnummer 3350
Kart
Nerstad
60°00′03″N 9°44′25″E / 60.00083333°N 9.74027778°E / 60.00083333; 9.74027778

Nerstad er ein tettstad i Sigdal kommune i Buskerud fylke i Noreg. Staden har nokre hundre innbyggjarar, og ligg kring sju km sør for Prestfoss langs fylkesveg 287 mellom Åmot i Modum og Eggedal. Som ein av tre valkrinsar i Sigdal kommune var det på Nerstad 854 personer med røysterett ved Stortingsvalet 2017.

Nerstad ligg i den nedre delen av kommunen og har i dei seinare åra vore gjenstand for størstedelen av bustadbygginga som har skjedd i kommunen. Medan Nerstad tidlegare først og fremst var prega av industri og landbruk, er staden i dag mest kjent for utvikla bustadfelt og som sentrum for skole og idrett.

Mesteparten av befolkninga på Nerstad bur fordelt på to byggefelt; «Det gamle feltet», der ein ikkje lenger bygger nytt og «Det nye feltet», der det blir bygd bustader i eit område kalla Nordheimfeltet.[1] «Det nye feltet» er bustadfeltet med flest barnefamiliar. På Nerstad er det også eit industriområde med bedrifter som Nor-Ka, Thor Holm Plastvarefabrikk, Sigdal Maskinforretning og Skare & Nes.

Staden har sin eigen skolekrins med 1-7-skolen Nerstad skole. Rett ved skolen ligg Nerstad barnehage, med tre avdelingar og 64 plassar.[2]

Den einaste idrettshallen i Sigdal, Sigdalshallen, er ein del av Nerstad idrettspark. Det meste av utleiga er til handballaktivitet, men også til andre aktivitetar som fotball, friidrett, volleyball, klatring, dans m.m. Ved sida av hallen er det også ei fotballbane, ei sandvolleyballbane og ein ballbinge. Om vinteren blir ballbingen brukt som skøytebane. Området har også preparerte skiløyper med belysning.

Organisasjonar som Nedre Sigdal IF og Vad 4H høyrer til på Nerstad.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kjør to mil - spar 650.000 kroner». 20. februar 2016. Henta 7. september 2020. 
  2. «Sigdal kommunes barnehageplan 2020-2025» (PDF). Henta 7. september 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]