Nesøytjern naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nesøytjern naturreservat er eit området kring Nesøytjernet på Nesøya i Asker kommune som vart verna 10. mars 1978 i medhald av § 8 i Naturvernloven. Vernet gjeld både Nesøytjern og det meste av nedslagsfeltet kring tjernet, altså det området som har avrenning til tjernet. Føremålet med verninga var å take vare på ein variert og særsynt type natur med både edellauvskog og sumpvegetasjon, og å verne om dei naturlege produksjonssystema som har gjeve eit særskilt plante- og dyreliv i og i samband med eit tjern som er næringsrikt av naturlege årsaker. Nesøytjern naturreservat dekkjer eit areal på 495 dekar, og av dette er landarealet om lag 317 dekar og vatnarealet om lag 178 dekar.

Nesøya ligg i det geologisk definerte området som vert kalla Oslofeltet. Oslofeltet inneheld ei rad bergartar frå periodane kambrium, ordovisium og silur (altså 540-410 millionar år gamle), hovudsakleg kalkrike bergartar som skifer, kalkstein og knollekalk.

Nesøytjernet har eit mykje kalkrikt vatn og er truleg det einaste naturlege miljøet i sitt slag som framleis finst på dei kalkrike bergartane attmed Oslofjorden. Tilhøva speglar seg av i den rike og mangfaldige floraen og faunaen i vatnet, mellom anna av kalkkrevjande kransalgar. I vatnet er det fiskeslag som åbor, mort, gjedde og ål. Ålen veks opp i tjernet før han gjev seg i veg på den lange gytevandringa si.

Av særsynte artar i sumpskogen kring Nesøytjernet finst myrtelg, som er ei bregne som veks i næringsrik sump og myr. Meir enn halvparten av dei kjende veksestadene for denne bregnen har vorte øydelagde ved grøfting av myrer, utfyllingar og utbyggingar, men er her eit vanleg innslag. Her er òg mange ekstremt sjeldsynte og utryddingstrua arter av sopp som har dei viktigaste leveområda i barskog på kalkrik grunn kring Indre Oslofjord. Kanarigul slørsopp er mellom desse; denne sopparten har dei viktigaste leveområda sine i Asker, Bærum og Grenland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]