Nes kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nes kommune i Akershus)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nes.
Nes kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Årnes
Areal 640,77 km²
 - land 627,21 km²
 - vatn 13,56 km²
Folketal 24 645  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Tove Nyhus (Frp)
Kommunenr. 3228
Kart
Nes kommune
60°7′51″ N 11°29′21″ E
Wikimedia Commons: Nes, Akershus
Nettstad: www.nes-ak.kommune.no

Nes kommune er ein kommune i Akershus fylke, som grensar i nord til Eidsvoll og Nord-Odal, i aust til Sør-Odal og Eidskog, i sør til Aurskog-Høland og Lillestrøm, og i vest til Ullensaker.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden Vormsund var det opphavlege kommunesentret i Nes herad, men stasjonsbyen Årnes overtok gradvis etter at Kongsvingerbanen vart bygd. I dag finn ein rådhus og kommunesentrum i Årnes, som opphavlege var kapellani under det dåverande hovudsoknet Nes med sentrum ved Vormsund. I dag er Årnes prostesete for prosten i Østre Romerike prosti. Kampå i Fenstad, Brårud, Opakermoen og Skogrand i Skogbygda (Ingeborgrud) er mindre tettstader i nordre og austre del av kommunen og i sør og i aust ligg dei større byggjefelta Aulifeltet, Tomteråsen, Neskollen og tettstaden Haga. Svanfossen som regulerer Noregs største innsjø Mjøsa ligg i Fenstad. Årnes er framleis kjenneteikna som ein stasjonsby frå det 19. hundreåret, medan Nes hovudsokn er utprega med monumentalbygningar i og omkring Vormsund, bl.a Nes kyrkjeruinar, Nes kyrkje, Ullershov og Disen gardar.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstaden i Nes er Nes kyrkjeruinarVormsund, der Glomma og Vorma møter kvarandre. Kyrkja vart bygd på 1100-talet som ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. Ho ligg i dag i ruinar, men desse blir brukt til gudstenester, bryllaup og konsertar.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Auli Mølle ved Auli i Nes
Foto: Tommy Gildseth
Udenes kyrkje
Foto: Tommy Gildseth

Nes samlingar

Andre attraksjonar

Media[endre | endre wikiteksten]

Raumnes er lokalavisa for Nes på Romerike og vert gjeven ut tre gonger i veka. Romerikes Blad og Glåmdalen har avdelningskontor på Årnes.

Kjende nesbuar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]