Nes kyrkje i Sogn
(Omdirigert frå Nes kyrkje i Luster)
Nes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Bjørn Erik Pedersen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sogn | ||
Sokn | Nes | ||
Fellesråd | Luster | ||
Stad | Nes | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Hans Ditlev Franciscus Linstow | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1836 | ||
- Endringar | Stor omvøling i 1909 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 110 | ||
Nes kyrkje i Sogn 61°23′11″N 7°22′00″E / 61.3864°N 7.36667°E | |||
Wikimedia Commons: Nes kyrkje (Luster) | |||
Nes kyrkje står på Nes ved Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland og er ei langkyrkje i tre frå 1836. Ho vart sett opp etter typeteiking laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow. I 1909 vart kyrkja mykje ombygd, og fekk mellom anna nytt tårn, våpenhus og sakresti. Då fekk ho òg ny altertavle måla av Isak Refsnæs.
Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1300-talet som då vart riven. Preikestolen, døypefonten og tre kyrkjeklokker i dagens kyrkje er frå stavkyrkja. I Bergen Museum er to alterfrontalar og eit krusefiks frå stavkyrkja, og ein meiner at døypefonten i Dale kyrkje òg har stått i Nes stavkyrkje tidlegare.
Nes kyrkje er soknekyrkje i Nes sokn i Sogn prosti.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Nes kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Nes kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon Arkivert 2016-08-17 ved Wayback Machine. (på Allunne.no)
- Sigurd Muri (1971). Norske kyrkjer. Oslo: Samlaget. ISBN 82-521-1726-0.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Nes kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Nes kyrkje på nettstaden til Nasjonalbibliotektet
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Nes kyrkje, Nes». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 351. ISBN 82-7527-022-7.
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Nes kyrkje i Sogn i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Nes kyrkje i Sogn». Kirkesøk. Den norske kyrkja.