Nes kyrkje i Sogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°23′11″N 7°22′0″E

Nes kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Nes
Fellesråd Luster
Type Langkyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow
Material Tre
Innvigd 1836
 - Endringar Stor omvøling i 1909
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 110
Wikimedia Commons: Nes kyrkje (Luster)

Nes kyrkje står på Nes ved Lustrafjorden i Luster kommune i Sogn og Fjordane og er ei langkyrkje i tre frå 1836. Ho vart sett opp etter typeteiking laga av Hans Ditlev Franciscus Linstow. I 1909 vart kyrkja mykje ombygd, og fekk mellom anna nytt tårn, våpenhus og sakresti. Då fekk ho òg ny altertavle måla av Isak Refsnæs.

Nes kyrkje i Sogn is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Nes kyrkje i Sogn
Nes kyrkje fotografert i 1937.

Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1300-talet som då vart riven. Preikestolen, døypefonten og tre kyrkjeklokker i dagens kyrkje er frå stavkyrkja. I Bergen Museum er to alterfrontalar og eit krusefiks frå stavkyrkja, og ein meiner at døypefonten i Dale kyrkje òg har stått i Nes stavkyrkje tidlegare.

Nes kyrkje er soknekyrkje i Nes sokn i Sogn prosti.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]