Nesasjøhuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesasjøhuset

Nesasjøhuset er ei avdeling under Ryfylkemuseet. Nesasjøhuset ligg i Nordenden på strandstaden Sand, og er hovudsetet til museet.

Sjøhuset blei bygt kring 1850. Det var Sven Rasmussen som fekk det sett opp i dei gode sildeåra. Her blei nøter og båtar lagra og silda salta. Derfor var det også lager for tønner som Rasmussen tok inn frå bøkkerane på staden. Sild blei eksportert på eigne fartøy til Austersjøen.

Seinare har huset vore brukt som bøkkarverkstad, mekanisk verkstad, radiofabrikk, støyperi, slaktehus og fryseri og til ulike lagerformål. Ryfylkemuseet kjøpte huset i 1986 og flytta inn fem år seinare, i 1991. I bygget er det museumsbutikk og kafe, kontor, bibliotek og rom for faste og skiftande utstillingar.

Jekta «Brødrene af Sand» ligg utanfor museet i sommarsesongen dersom ho ikkje er på tur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]