Nesbø på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesbø
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 60

Nesbø er ein gard i Fitjar kommune. Han ligg på eit nes på nordaustsida av Storavatnet. I aust ligg garden Vik, i sør og vest ligg Storavatnet og i nord ligg Rimbareid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er gammal, men ikkje særs gammal, og det er gjort fleire fornfunn her. Garden høyrte truleg til Vik tidlegare. På toppen av Vindåsen ligg ei røys på den vestlege toppen. Denne måler 8-12 meter i tverrmål. Like søraust for denne ligg ei langrøys som har målt 16x5 m. Ei anna langrøys ligg frampå kanten av knausen og er 6x4 m. Nok ei røys ligg øvst på knausen, i eit område som høyrer til Vik, og er 12 meter i tverrmål. I tillegg finst her fleire smårøyser på kring 3 meter i diameter. Truleg høyrer desse gravene til nabogardane. Ein har òg funne eit spyd i ei myr, i tillegg til flintreiskap frå steinalderen.

Garden vart kalla Nes i 1599, og dette har truleg vore det opphavlege namnet. Garden har så truleg lege øyde, men har blitt brukt som slåttemark, ein bø, av nabogardane, truleg Vestbøstad og så fått namnet Nesbø. Namnet Nes kjem frå neset garden ligg på.

Den første brukaren ein kjenner til på garden var ein Jens Nesbø, som var nemnt i 1612.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]